Hopp til innhald

Seiko Hashimoto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Seiko Hashimoto


Statsborgarskap Japan
Fødd 5. oktober 1964 (60 år)
Hayakita
Idrett lengdeløp på skeiser, banesykling
Tok del i Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1988, Asialekene 1994, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1992 – 1500 meter damer
Utmerkingar Den olympiske orden i gull, ridder av Den nasjonale fortjenstorden

Seiko Hashimoto (fødd 5. oktober 1964) er ein japansk politikar, idrettsleiar og tidlegare idrettsutøvar frå i Hayakita på Hokkaido. Ho var aktiv både i keiseløp og sykling. Hashimotos fremste prestasjon var andreplassen i firkamp-VM på skeiser i 1990.

Hashimoto deltok i internasjonal skeiseidrett frå 1981 til 1994. Denne perioden var ho med i samtlege fire olympiske vinterleikar, frå 1984 i Sarajevo til 1994 og Lillehammer. Høgdepunktet her var bronsemedaljen på 1500 m under Vinter-OL 1992 i Albertville.

Hashimoto markerte seg fyrst i sprintmeisterskapane på skeiser. Gjennom fem sprint-VM i åra 1986-90 vart ho etter rokes nummer 4, 5, 4, 3 og 4. Også i firkamp-VM på skeiser enda ho opp med tre fjerdeplassar; 1987, 1991 og 1993. Betre hevda ho seg i verdsmeisterskapen 1990, der ho vart slått einast av austtyske Jacqueline Börner, og i 1992 der ho la beslag på det siste trinnet på sigerspallen.

Banesyklisten Hashimoto representerte Japan i tre sommar-OL; Seoul 1988, Barcelona 1992 og Atlanta 1996.

Seiko Hashimoto i 2008

Hashimoto har vore president i det japanske skeiseforbundet. Sidan 1995 har ho representert Liberaldemokratane, det dominerande partiet i japansk politikk, i Sangiin (senatet).